Eg har heile tida bruk for personar som har tid og lyst å vera med framfor kamera. Eg har og lyst å få med stylist og make-up artist til enkelte prosjekt. Send meg gjerne ei melding om du har lyst å vera med å bidra framfor eller bak kamera.

Kvifor TFP? TFP står for Time For Print. Dette er ein måte å gjera det på når fotograf og/eller modell treng bilder til egen markedsføring eller for å testa nytt utstyr, lyssetting eller andre ting. For meg er det mest for gøy, men og for at eg skal utvikla meg som fotograf og læra nye ting.

I staden for at det vert tatt betalt for fotograferinga, so får både modell og fotograf tilgang til å bruka bildene til egen markedsføring. Dette vert då «betalinga» for den tida som vert brukt.

Nederst i dette innlegget kan du sjå ein film som viser korleis dette foregår som vart laga for nokre år sidan.

Kva type bilder? Eg likar å ta det meste av bilder so lenge det er fokus på personar. Når eg tar bilder som eg sjølv likar, er dette bilder som krev litt meir jobbing og planlegging som for eksempel der brudekjolen heldt på å brenna opp på bildet under her.

Eg har nokre idéar på lignande bilder som eg har lyst å ta framover av ulike slag. Men desse heldt eg tett til brystet sidan eg har mista nokon av dei tidligare til andre fotografar og modellar.

Kva er neste steg? No må me avtala tid og sted for ei fotografering der me tar litt enkle portrettbilder, pratar litt og vert litt kjendt. Me finn ut om me har ein kjemi og om me har lyst å ta det litt vidare enn «berre» vanlige portrett bilder. Dette er det ikkje alltid like enkelt å bestemma seg for på sjølve fotograferinga, for det kan vera greitt å få litt tid i etterkant til å tenka på opplevelsen :-)

Bruk av kontrakt. På TFP fotograferinga brukar eg ein kontrakt som styrer bruken av bildene som me tar. Den seier noko om korleis både eg og du kan og ikkje kan bruka bildene. Denne kontrakten vert underskriven i forkant av fotograferinga og styrer bruken av bildene i etterkant av fotograferinga. Denne får du tilsendt på e-post dersom du har lyst å prøva dette.

Dersom du fortsatt syns at dette er noko du vil vera med på, har eg lyst at du sender meg ein e-post (eller ei melding via facebook) og fortel litt om deg sjølv. Kven er du, kor bur du, alder, hobbyar osv... Det er opp til deg kva og kor mykje du har lyst å skriva. Dette er for å gje meg eit lite bilde av kven du er. Korleis du kan passa inn i mine bilder og kanskje du har ein hobby eller to som kan brukast til kule bilder?

Så finn me ein dag som passar og lagar til ei litt enkel portrettfotografering i studio. Eg har studio som eg set opp på grendahuset på Myking, eller på Myking skule.

Om det er noko du lurar på, er det berre å gje meg ein lyd. 

Ta gjerne ein kikk på nettsida mi, facebook og instagram for fleire bilder som eg har tatt tidligare.