Desse to herlige lærarane skal gifta seg til neste år og ganske nylig var me ute og tok forlovelsesbilder på Meland golf. Begge to har eit godt og nært forhold til dette området og då vart det naturlig å bruka området til desse bildene.

Før sjølve fotograferinga var me og såg på ulike plassar som sjølve bryllupsbildene skal tas og fekk lagt ein plan allerede no.

Bilder i fargar og svart/kvitt

Alle bildene me tok denne dagen får Mona og Mads i både fargar og svart/kvitt som du kan sjå over her. Unntaket er dei bildene som ikkje passar i fargar eller svart/kvitt. Grunnen kan av og til vera so enkelt som at bildet er under eller overeksponert i fargar, men som svart/kvitt bilde fungerer det heilt supert.

Det vart mange fine bilder av Mona og Mads og mitt favorittbilde er nok det som de ser på toppen her. Nært og personlig.

Eg gler meg stort til å følga Mona og Mads heile bryllupsdagen og få lov å fanga dei små og store øyeblikka.