For ei stund tilbake tok eg nokre bilder av Elise som har drive med ballett/dans. Dette hadde vore gøy å prøvd igjen og om du har lyst å prøva deg kan du fortsetta og lesa under bildet.
Kvifor akkurat dans?
Det er gøy, interessant og krev litt ekstra planlegging og innsats frå oss begge. Det kan vera litt krevande og mykje arbeid for å få bildene til å sitta, men da vert enda kjekkare når ein til slutt får det til.
Kven er du?
Det er ein stor fordel om du driv med ballett, sportsdans eller lignande og har litt erfaring rundt dette. Hopping og bevegelse vil vera eit veldig viktig element i desse bildene. Du bør og vera litt trent sånn at du klarar å holda ut eit par timar med hopping og spretting. So mykje dansing vert det nok ikkje, men repetisjon på dei ulike bevegelsane me skal fokusera på. I tillegg bør du vera fylt 18 år, men minimum 16 år i følge med vaksen.
Kva treng eg?
Du treng ikkje så mykje, men eit par antrekk som du likar å dansa i. Det kan vera alt frå ein enkel liten kjole til sportstøy, tights osv... Ta med deg musikk og nokon som likar å kasta mjøl. Ja, du las rett. Du finn ut meir om dette under bildet.

Korleis vert dette gjort?
Om du ser på bildet over her, so ser du lyse parti bak på kvar side av modellen. Dette er kveitemjøl som ein person på kvar side kastar inn i bildet. Dette er og eit av dei tidlige bildene som vart tatt denne gongen og modellen har derfor ikkje so mykje mjøl på seg som ho har på bildet heilt øverst her.
Med andre ord; om du ikkje likar kveitemjøl er ikkje dette noko for deg.
Det du skal gjera er å hoppa/springa fram og tilbake på ein bestemt plass, igjen og igjen og igjen... Det vert nok ein del repetisjon.
Først startar me med å finna dei ulike bevegelsane du skal gjera. So vert det litt øving på desse, finna ut kor du skal stå, hoppa, ta sats osv.... Me får på plass litt lys og kamerainstillingane. Etter det er det berre å gje gass og etter kvart begynna å leika med mjølet. Eit lite triks her vil vera at du har litt mjøl i hendene og slepp dette når du er i lufta, kastar det rundt deg eller slepp det over deg.
Kvar vert dette gjort?
Ettersom at me skal bruka mjøl, so legg dette seg rundt omkring over alt. Tanken er at eg skal finna ein fin plass ute der me kan jobba og kasta på mjøl utan å tenka på å vaska ned ein heil gymsal. Det bør heller ikkje vera sterk sol denne dagen, aller helst litt mørkt og overskya sånn at det vert litt lettare å få til den mørke bakgrunnen. Utan denne vil ikkje mjølet visa på bildet.
Fotograferinga vil skje ein eller annan plass i Lindås kommune, so du må kunne møta på avtalt plass.
Kva no?
Dersom du syns dette passar for deg kan du senda meg ei melding via kontaktskjema eller ein e-post på oyvind@vassbrekkofoto.no. Skriv litt om deg sjølv. Kva du driv med, kor lenge har du dansa, kor gammal er du osv... Og du...!?! om du er mann gjer det ingen ting!
Håpar eg hører frå deg, eller nokon du kjenner!