Det er snart sommarferie for dei fleste og eg har nokre veker igjen før min ferie tek til. Men, eg har so smått starta å planlegga hausten og dersom du har lyst på ei lita utfordring synest eg du skal fortsetta å lesa!

Dette bildet på toppen her vart tatt for nokre dagar sidan i Nautevågen på Fanebust. Den kvite røyken brukte eg til å testa vindretning og ikkje minst kor raskt røyken ville flytta seg.

Sjølve røykpatrona ligg i dette bilde like under kamera og eg hadde sjølvsagt vinden i ryggen. Elizabeth fekk sola i rygge sånn at ho slapp å få denne i ansiktet. So hadde eg ein blits som er plassert like til venstre for kamera for å lysa opp Elizabeth.

Men, kva utfordring er det eg snakkar om?

Eg treng fleire personar som har lyst å vera med framfor kamera. Om du er kvinne eller mann betyr ikkje noko, men det er ein fordel om du er minimum 20 år. Du synest kanskje det å stå framfor kamera verkar litt skremmande, men har alikevel lyst til å prøva. Eller du kanskje har gjort det før? Det betyr ingen ting. Det som er viktigast er at du har lyst!

Dette bildet har du kanskje sett før på facebook sida mi. Dette er tatt på samme plassen som bildet på toppen, men no med ein litt anna røyk. Denne røykpatrona sender ut røyk i begge endane og produserer røyk i ca 20 sekund. Det betyr at når Elizabeth først drog ut pinnen, so måtte me jobba raskt.

Kva type bilder?

Eg treng personar som kan litt ulike ting og under her har eg lista opp nokre punkt som eg har lyst å starta med etter ferien.

- Kjærastfotografering / Forlovelsesfotografering. Ta ein titt på innlegga Maling og Thomas samt Roy Cato og Anne Marit, så får du nokre eksempel på kva eg meiner.

- Boudoirfotografering.

- Fitness / Trening, fotografering i studio.

- Sportsdans / Ballett eller lignande.

- Portrettbilder, nærbilder, svart/kvitt...

Om du har andre idéar og forslag kan du sjølvsagt ta kontakt om du har lyst å vera med framfor kamera.

Dette bildet av Elise er tatt i ein gymsal. Det er lyssatt med to lys, eit frå kvar side. Så er det brukt mjøl som Elise har på kroppen i tillegg til at det vert kasta inn frå kvar side.

Kva kostar det?

Denne fotograferinga kostar ingen ting. Eg må derimot få lov å bruka bildene i mi markedsføring på nettside, facebook og instagram.

Dersom du synest dette er noko for deg, eller du berre har litt spørsmål so kan du senda meg ei melding via facebooksida mi, eller senda meg ein e-post på oyvind@vassbrekkofoto.no. Du kan og bruka kontaktskjema på sida mi eller ta kontakt på 91373093.

Tips gjerne andre om dette og del inlegget mitt!