Det var ein varm og fin lørdag ute på Meland golf den dagen Alvine konfirmerte seg i 2018. Me starta med eit enkelt familiebilde ute på plenen med fjorden i bakgrunnen før eg og Alvine tok oss ein tur ned gjennom skogen og ned til sjøen.
Me begynte med fotografering nede ved sjøen med bildet over her før me gjekk opp gjennom skogen.
Dersom du treng bilder av din konfirmant har eg ledige timar på ettermiddag og kveld. Mange ynskjer bilder på sjølve dagen, men ved å ta bilder i forkant eller i etterkant av sjølve dagen har ein litt meir tid til å fokusera på bildene.
Ta gjerne kontakt med meg for ein uforpliktande samtale!