...gifta seg på denne dag i Johannes kyrkja i Bergen. Været var ikkje heilt med oss i starten, men regnet letta då me kom ut frå vielsen!

Johannes kyrkja er ei stor og flott kyrkje. Det er ei mørk kyrkje, spesiellt for fotografar, men so kjem da ikkje inn so mykje anna lys heller so det er litt lettare å kompansera mørkt mot lyst. Eg fekk meg ein liten tur innom kyrkja før den store dagen og det var nok til at eg visste kva eg kunne venta meg.

Svart / kvitt er min favoritt på bildene frå vielsen, men brudeparet får desse bildene og i fargar.

Presten spurte dei om dei hadde eit forhold til tala 10 08 69... Verken eg eller andre i kyrkja gav uttrykk for at dei drog kjensel på desse tala. Om du ser dei ilag med datoen i overskrifta her, so kan du sjå at det er 50 år fram i tid. Presten utfordra dei til å komma tilbake til Johannes kyrkja å feira 50 års bryllupsdag, for det er ein laurdag. Det hadde han sjekka.

Eg vil senda ein stor takk til Malin og Thomas for tilliten og at eg fekk ta del i litt av den store dagen deira, og ikkje minst for at eg får lov å dela desse bildene med deko.

Over her er eit lite knippe med bilder frå portrettfotograferinga som me hadde i Musèhagen og i Strangebakken.


Dersom du treng fotograf til ditt bryllup kan du senda meg ei melding og sjekka om eg er ledig på din dag. Me kan møtast til ein uforpliktande prat før du bestemmer deg og forlovelsesfotografering er med i både halv og heildagsfotografering.