Dette bryllupet var heildagsfotografering for meg og eg var tidlig på plass i Knarvik Kyrkje. Litt etter litt kom brudgom med familie og gjorde seg klar. På bildet under her ser du brudgommen deler ut knappeholsblomst til brudesvennar og forlovar.

Unplugged wedding

Har du hørt om det før? Eg foreslo for Roy Cato og Anne Marit å ha ein unplugged vielse. Det vil sei at gjestane ikkje "får lov" å bruka mobilkamera eller anna fotoapparat i løpet av vielsen. Då får og alle gjestane sjå og oppleva vielsen på "gamlemåten" og ikkje ved å sjå den via ein mobiltelefon.

Eg har aldri vore i Knarik kyrkje før og var litt nervøs før vielsen, men det gjekk faktisk veldig bra. Det er ei lys og fin kyrkje, og eg syns ikkje dei høge vindaugene på eine sida gjer noko for fotograferinga.

Etter viselsen fekk gjestane ta bilder utanfor kyrkjar og framfor DEN kule brudebilen. Ein 2-takt Saab som egentlig hørtes ut som ein moped som kom rundt hjørnet før du såg den.

So var det vidare til bryllupsfotograferinga og portrettbildene. Sjå bilder under her!

Etter portrettfotograferinga gjekk turen vidare til Alver Hotell der alle gjestane venta spendt. Eg var med vidare og tok bilder av alt og alle som brudeparet har fått på ein minnepenn. Under her er eit lite utvalg frå kvelden.

Gifta deg i 2020?

Det har begynt å komma bestillingar til bryllupsfotografering for 2020 og dersom du skal gifta deg neste år og vil at eg skal ta bildene, kan da vera lurt å ta kontakt no!

Du finn kontaktskjema til venstre i menyen her.