TFP fotografering
Hei! Kjekt at du har lyst på meir info om fotograferinga.
Først av alt. Denne sida kjem du inn på berre ved hjelp av linken eg har sendt deg. Du finn den ikkje igjen i menyen over her.

Kvifor TFP?
TFP står for Time For Print. Dette er ein måte å gjera det på når fotograf og/eller modell treng bilete til eigen markedsføring eller for å testa nytt utstyr, lyssetting eller andre ting. For meg er det mest for gøy, men òg for at eg skal utvikla meg som fotograf og læra nye ting.
I staden for at det vert tatt betalt for fotograferinga, so får både modell og fotograf tilgang til å bruka bileta til eigen markedsføring. Dette vert då «betalinga» for den tida som vert brukt.

Kva type bilete?
Eg likar å ha fokus på personar. Eg har idèar og ynskjer som går frå vanlege enkle portrettbilder til boudoir fotografering (sensuelle undertøysbilder). Her er det opp til deg å bestemma kva du er komfortabel med og har lyst til. Sjå gjerne gjennom min konto på instagram og facebook for å sjå bilder eg har tatt tidligare. Link nederst her.
Dersom du har ein hobby så kan denne ofte vera med i bildene. Om det er ein type sport, ballett og dans, stuping eller andre ting so kan mykje av dette brukast som idègrunnlag til kule og gøye bilete.

Dette bilete er tatt i ein gymsal der to personar står på kvar si side og kastar vanleg mjøl inn frå kvar side. I tillegg har modellen litt mjøl på kroppen som "sprett" av i lufta.
Kven er dette for?
Dette kan vera for alle. Det viktigaste for meg er at du har lyst å stå framfor kamera. Du må vera fylt 18 år og aller helst disponera eigen bil. Dersom du ikkje er fylt 18, skal ein av dine foreldre vera med på fotograferinga.

Kva er neste steg?
Me finn tid og stad som passar og byrjar med litt enkle portrettbilder. Dersom du synest dette er interessant og har lyst å vera med fleire gongar, kan me planlegga litt meir avanserte bilete. Det kan vera fotografering innanfor eit tema, bruk av røykpatroner, ei historie me har lyst å formidla eller andre gøye ting.
Ulike tema kan vera frå "piken med svovelstikkene" til figurar frå Marwels filmar, inspirasjon frå 50 - 70 tallet (klesstil) eller andre ting me kjem på etter kvart.
Den største utfordringa med mange av idèane er antrekket. Her er det som oftast du som modell som må få tak i kleda som me treng til dei ulike bileta. Me planlegg sjølvsagt fotograferingane ut frå kva klede du kan få tak i.


Dersom du fortsatt syns at dette er noko du vil vera med på, har eg lyst at du sender meg ein e-post i retur og fortel litt om deg sjølv. Kven er du, kor bur du, alder, hobbyar osv... Det er opp til deg kva og kor mykje du har lyst å skriva. Dette er for å gje meg eit lite bilde av kven du er. Skriv gjerne også litt om tidspunkt som kan passa best for deg.
Du kan senda e-post til oyvind@vassbrekkofoto.no, melding via kontaktskjema mitt her, eller senda meg ei melding via facebook sida mi. Sjå link nederst.

Sjølve fotograferinga
Før me møtest so har me gått gjennom kva bilete me skal ta. Tidspunkt, oppmøtestad og kva antrekk du skal ha på deg. Ta gjerne med deg ein venn eller veninne. Eg vil heile tida hjelpa deg med korleis du skal stå og kvar du skal gjera av hendene. Me tek litt pausar under vegs og du får sjå litt på bileta som me tek.

Dette bilete er satt saman av 3 bileter. Først eit bilete der Henriette sit i sofaen, så to bilder sofaen brenn.
Etter fotograferinga går eg gjennom alle bileta og tek vekk dei som ikkje er brukande. Det vil sei blinkebilete, uskarpe bilete, duplikater osv... Så får du sjå gjennom bileta via passordbeskytta webgalleri og kan plukka ut dei bileta du likar best. Bileta har no fått ei lett redigering. Dei bileta som du plukkar ut er dei bileta eg sjølv kjem til å bruka på mine sider. Dersom det er eit bilete som du har lyst på, men ikkje vil ha på nett, så ordnar me det og. Dersom det er eit bilete eg har lyst å bruka som du ikkje har plukka ut, spør eg spesifikt på dette bilete før det vert brukt på nett.
Etter at du har plukka ut bileta, gjer eg dei ferdig med redigering og sender dei tilbake til deg. Alle bileta du får tilsendt er tilpassa bruk på nett og vil ha min logo nede i høgre hjørne. Dersom du har lyst på nokre av bileta til utskrift so ordna me det og utan logo.
Dette er ein video frå ei TFP fotografering for 2 år sidan. Den viser litt korleis ei slik fotografering kan vera.
Under her ser du litt av dei bileta eg har tatt som er basert på TFP.
Eg håpar dette er noko som er interessant for deg og at eg høyrer frå deg innan kort tid.
Her finn du linkane som avtalt.
E-post kan sendast til oyvind@vassbrekkofoto.no eller trykk på knappen under her.