Morsdagstilbud
No er det ikkje lenge til morsdag, og kvifor ikkje nytta deg av tilbudet mitt?
Gravidfotografering er veldig kjekt å sjå tilbake på og no har du muligheten til å få dette til berre 990,- ink mva. Du får ca ein times fotografering og 5 bilder inkludert som du sjølv kan få velga ut.

Eg har dessverre ikkje eige studio for tida (er under oppussing), men eg kjem heim til deg og tek bildene heima i di eiga stove. Eg tek med meg litt studio utstyr som eg set opp i stova eller eit anna rom. Eg treng litt plass, ca 4 x 4 meter. Alternativ kan me bruka nokre av romma i huset eller ute i hagen.
Ja, eg veit det er vinter no, men me kan få veldig fine og spesielle bilder!
For å få denne prisen, må fotograferinga bestillast innan morsdag 14. februar og fotograferinga må gjennomførast innan 31. mars. Etter dette vert det ordinær pris på fotograferinga.
Du må sjølvsagt bu i mitt nærområdet for at dette skal vera praktisk mulig, men litt kjøring er ikkje noko problem. Kjøregodtgjering kan ev tilkomma. Ta kontakt for meir info om dette.
Eg har sjølvsagt lyst å visa 1-3 bilder frå fotograferinga, men du får vera med å bestemma kva bilder som kan brukast og ikkje.
Fleire bilder kan kjøpast for 250,- pr stk.
Covid-19 oppdatering!
Etter pressekonferansen søndag 7 februar og dei restriksjonane som kom der, vert det ikkje gjennomført fotografering fram til og med 14 februar i første omgang. Dette tilbudet vil alikevel vera gyldig og med utvida bruksfrist til ut svangerskapet ditt!
Det vil sei at fotograferinga må bestillast innan 14. februar men er gjeldande heile ditt svangerskap.