Bryllupsinformasjon

Kva er med i heildagsfotografering!

  • Møte/samtale før avtaleinngåelse
  • Eigen avtale/kontrakt for oppdraget
  • Forlovelsesfotografering
  • Fotografering hjå frisør/forberedelser
  • Fotografering under vielse og på kyrkjetrappa
  • Portrettbileta - dei "offisielle bryllupsbileta"
  • Fotografering resten av dagen fram til kakene er servert.
  • Eige webgalleri som kan delast med dei de vil
  • "alle" bilete levert på minnepenn utan logo og vannmerke
  • Bileta vert levert i fargar og svart/kvitt
  • Eg har dobbel backup av bileta som er levert til dykk i 10 år
  • Album med 10 ark (20 sider)

Etter at de har tatt kontakt, vert det avtalt eit møte der me snakkar om den store dagen. Me går gjennom kontrakten som eg brukar og som de får tilsendt før møtet. Me snakkar litt om kva type bilete de ynskjer frå dagen og eg kjem med tips til korleis de kan planlegga for å få mest mulig ut av fotograferinga og dei bileta som de vil ha. Kontrakten vert signert digitalt og de får faktura på forskotsbetaling. Dette er ikkje refunderbart.

Forlovelsesfotografering


... er noko eg vil anbefala på det sterkaste. Her får me verta bedre kjent med kvarandre og de får eit innblikk i korleis det er å verte tatt bilete av. Om de ynskjer denne fotograferinga i naturen, ved brygga, i båten eller rundt omkring i bygata er opp til dykk. Her legg me ein plan etter dykkar ynskjer. Mange brukar desse bileta på invitasjonen til bryllupet. Bileta frå denne dagen får de tilsendt innan 3 veker etter sjølve fotograferinga.

Forberedelsane


Ofte er det nok om eg kjem 2-3 timar før brudekjolen skal på. Dette avtalar me i forkant. Eg kan og ta bilder frå brudgommens oppkledning, forutsatt at brud og brudgom ikkje er so langt vekke frå kvarandre.

Vielsen

Eg er på plass i god tid for å gjera meg kjent i kyrkja/lokalet der vielsen er. Eg helsar på presten sånn at han veit at eg tek bilete for brudeparet.

Eg tek bilete under heile vielsen og prøve å gjera meg så usynleg som mulig. Så er det fotografering utanfor før me set kursen vidare til portrertfotograferinga.

Me gjer oss ferdig med portrettbileta sånn at me når middagen og de kan mingla litt med gjestane før me går til bords. Under sjølve middagen har eg fokus på talar og det som ellers skulle skje.

Eg er med utover kvelden til kakene er servert og brudevalsen er gjennomført.

Ofte stilte spørsmål

Kva med antall bilete?

Levering av bilete

Når er bileta ferdig?

Album og framkalling av bilete

Kva kostar heildagsfotografering?

Kva kostar halvdagsfotografering?

Kva er med i halvdagsfotografering?

Ofte stilte spørsmål

Kva med antall bilete?

Alle bilete betyr at de får dei bileta som trengs for å fortelja ein historie om dagen. Eg tek vekk bileta som kan vera uklare, feileksponert (ja, det skjer), blinke bilete osb...
Det er litt vanskelig å sei akkurat kor mange bilete de vil få, men frå ein heildagsfotografering vil eg sei frå ca 400 bilete og oppover.
Ved halvdagsfotografeirng kan ein rekna med frå ca 200 bilete og oppover.

Levering av bilete

Bileta vert levert på minnepenn i full oppløysing. Bileta er utan logo og vannmerke og er dykkar bilete til odel og eige.

Bileta vert levert i både fargar og i svart/kvitt.

Når er bileta ferdig?

Bileta er som regel klar innan 6 veker etter bryllupet, men tidligast når siste faktura er betalt.

Album og framkalling av bilete

Inkludert i heildagsfotografering er eit album med 10 ark - 20 sider. Her kan de legga til fleire sider og bilete dersom de vil det.

Kva kostar heildagsfotografering?

Den kostar 21 900,- ink mva.

Kva kostar halvdagsfotografering?

Den kostar 12 900,- ink mva.

Kva er med i halvdagsfotografering?

Me har ein samtale i forkant av kontraktsignering. De får med forlovelsesfotografering, fotografering under vielsen, utanfor etter vielsen og portrettfotografering. Eit album med 10 ark, 20 sider.