Bryllupsinfo - Halvdag

Kva er med i halvdagsfotografering!

Dagen min startar under vielsen når brura er på veg opp kyrkjegolvet eller kjem inn til vigslaren. Eg tek bilder under heile vielsen og får med meg det eg klarar utan å gjera for mykje ut av meg under viselsen. Etter vielsen er det fotografering på kyrkjetrappa og her kan eg hjelpa til om de vil det.

Så er det bryllupsbildene, "dei offisielle"... Eg set av 5 timar til halvdagsfotografering. Eg er på plass til vielsen ca 30 minutt før, helsar på presten og gjer meg kjendt der viselsen er. Sjølve vielsen er ofte gjennomført på den neste halvtimen og så kanskje ein halvtime etter vielsen før me kjem oss vidare til portrettbildene. Då har me ca 3-4 timar igjen til dei offisielle portrettbildene og skulle ha god tid til å skapa dei gode øyeblikka. Ofte har ein ikkje so god tid mellom vielse og fest, men dette kan sjølvsagt variera.

Kva med antall bilder?

De får med "alle" bildene. Det vil sei at etter fotograferinga vert alle bildene lasta inn i mitt redigeringsprogram. Her går eg gjennom alle bildene og tekk vekk bilder som duplikater, blinkebilder og lignande. Resten vert klargjort og levert på minnepenn.

Det er litt vanskelig å sei kor mange bilder de kan forventa deko, men eit minimum av 50 bilder vil ikkje vera langt vekke.

Levering av bilder

Bildene vert levert på minnepenn i full oppløysing. Det vil sei at bildefilene er av slik kvalitet at dei kan skrivast ut i den størrelsen de vil ha. Bildene er utan logo og vannmerke og er deka bilder til odel og eige. Eg likar derimot ikkje at de redigerer på bildene etter at de har fått dei hjå meg.

Når er bildene klar?

Bildene er klar seinast 14 dagar etter bryllupet, men tidligast når siste faktura er betalt.

Album og utskrift av bilder

Eg leverer ikkje bilder på anna måte enn digitale filer. Eg kan vera behjelpelig med kvar de kan laga album, forstørra bilder og slikt men dette får de styra sjølv.

Dersom de har fleire spørsmål er det berre å senda meg ei melding via kontaktskjema som de finn i menyen til venstre her.