May 4, 2019

Roy Cato og Anne Marit

Forlovelsesfotografering

Desse to skal gifta seg i august i år og eg skal vera med dei heile dagen. Eg gler meg stort til å få vera med å foreviga dagen deira. Under her kan du sjå litt av dei bildene som me tok då me hadde ein runde rundt i Lyngheiane på Lygra og avslutta med kajakpadling.

Like før dette bildet vart tatt kom det 2 store ørner og flaug forbi. Dessverre fekk eg dei ikkje med på bildet.

Eg hadde med små lappar som dei fekk utdelt under vegs. På desse lappane stod det korte vitsar (type tørre) som dei fekk lesa til kvarandre.

Etter kvart som me vart bedre og bedre kjendt so gjekk ting lettare og lettare.

Da var ein del vind denne dagen sjølv om været var bra. Dette bildet er inne på vågen men alikevel var det litt småbølger.

Det var ein nydelig dag der me fekk prata og le om mykje rart. Presten deira, og bror til Anne Marit, var med og kjørte båten sånn at eg fekk komma med ut på sjøen ilag med dei.

Alle bildene denne dagen vart tatt utan blits som og gjer at me sparar litt tid på denne typen fotografering.

Likar du bildene? Del gjerne innlegget med dine venner. Då vert eg glad!