May 13, 2019

Boudoir og akt fotografering

Boudoir og Akt fotografering

ONE DAY SHE DISCOVERED THAT SHE WAS FIERCE, AND STRONG, AND FULL OF FIRE

And not even she could hold herself back because her passion burned brighter than her fears.~ Mark Anthony

Boudoir kjem frå fransk og kan oversettast til soverommet. Dette er smakfulle sensuelle bilder stort sett av kvinna, men meir og meir kjem og mannen på bana. Som oftast ilag med kvinna.

Boudoir er ikkje berre for brudeparet, men sjå for deg følgande... Du, som kommande brud, har vore hjå fotograf og tatt smakfulle, sensuelle bilder av deg sjølv. Kanskje litt småsexy og nakent. Du skriv ut nokre av bildene som du set saman til eit lite album. Dette får din kjære som morgongåve på bryllupsdagen. Trur du det kan vera populært?

Boudoir er absolutt ikkje berre nakenhet, tvert i mot...

Ein kan ofte gjerne vera naken på bildene, men tildekka av mannens kvite skjorte som på bildet over eller eit fotballskjerf, T-skjorte, undertøy eller lignande.

Boudoir fotograferinga vert tilpassa deg og det du har lyst på. Tenk gjennom kva bilder du ser for deg, kva du vil fokusera på og kva som kan vera med å overraska din kjære.

Akt foto tatt i studio.

Nokon tenker at aktfoto passar best, slik som på bildet over her.

Uansett kva du tenker på eller har lyst å ta, so vil eg anbefala deg å sjå litt rundt på nettet. Eg har eit eige galleri med ein lett blanding av både boudoir og aktbilder som du finn under Portfolio i menyen til venstre her.

Korleis foregår denne fotograferinga?

Enten det er akt eller boudoir som står i fokus, så set eg av ca 3 timar. Det kan kanskje hørast litt mykje ut, men det er bedre å ha litt ekstra tid enn for lite. I starten går me gjennom det me har snakka om tidligare enten på e-post, telefon eller over ein kopp kaffi.

Ta med deg den musikken du likar, og om du vil kan du ta med deg ei veninne som støtte. Du må sjølvsagt ha med deg litt diverse undertøy og anna som du har lyst å bruka på bildene. I forkant av fotograferinga kan det vera lurt å gå med lause kle og unngå undertøy dei siste timane før fotograferinga for å unngå merker i huda.

Sjølve fotogaferinga vert til mens me går. Me har nokre bilder og idèar som utgangspunkt og så jobbar me oss vidare. Dersom det skulle dukka opp noko under vegs som gjer at du vil avlsutta eller berre ha ein pause, er det ingen problem å få til.

Kor vert bildene tatt?

Eg har litt ulike muligheta. Me kan bruka eit grendahus eller skule dersom det er studiobilder/aktfoto. Boudoir bildene kan me ta på eit hotellrom, eller kanskje du har ein krok heima hjå deg sjølv med eit vindu som kan passa?

Ta gjerne ein titt på fleire av mine bilder som du finn under Portfolio i menyen til venstre her. Du finn boudoir bilder, aktbilder, utebilder, studiobilder osb...

Kva kostar det?

Eg set av minst 3 timar til fotograferinga. Me kan treffast i forkant om du vil det for ein prat og ein kopp kaffi. Du får sjå litt gjennom bildene under vegs som kan gjera det litt lettare å sjå kva som må til.

Etter fotograferinga kan du velga om du vil sjå gjennom eit utvalg av bilder og plukka ut dei bildene du vil ha, eller om eg skal plukka dei ut for deg. Antall bilder kan variera etter kor mange ulike settingar me går gjennom. Dette får du til kr 2900,- ink mva.

Vert bildene brukt til noko?

Nei, eg brukar ikkje bildene med mindre dette er avtalt i forkant eller i etterkant av fotograferinga. Dersom du vil ha gratisfotografering må du godta at eg får visa nokre bilder på nett, facebook og instagram.

Eg har lyst på slike bilder, kva gjer eg?

Send meg ei melding, ein e-post eller ring meg for ein prat og litt info. Me kan møtast ein ettermiddag for ein prat om du vil. Du finn e-post og mobilnummeret mitt nederst på sida her.