...gifta seg 25. august 2018 på ein dag med både regn og sol. Nokre dråpar i sløret på kyrkjetrappa skal jo berre vera lykkebringande og verken brud eller brudgom var redd for litt vatn.

Me hadde med oss Morten frå Oppifrå Film og Foto denne dagen som filma litt under vegs. Denne filmen kan de sjå nederst i dette innlegget.

Etter den obligatoriske fotograferinga på trappa, kjørde brudeparet avgårde på fotografering. Ein liten stopp på kaien på Hundvin og so i ein hage på Vågseidet.

Eg har fått lov å visa både bilder og film frå den flotte dagen deira og litt av desse kan de sjå under her!