September 15, 2019

Hausten og julefoto!

Egne prosjekt

I sommar

...har eg hatt 2 bryllup ei forlovelsesfotografering til neste års bryllup. Malin og Thomas har fått sine bilder og eg håpar å få delt litt av bildene frå deira bryllup om ikkje so lenge. Roy Cato og Anne Marit må venta litt til før dei får bildene levert på minnepenn, men eg trur ikkje det skal vera so lenge igjen no.

Julefoto

Ellers har eg starta å planlegga julefotografering. Her har eg sett av ei langhelg pluss nokre ettermiddagar der eg lagar til 2 ulike settingar i studio. For to år sidan var eg i ei løa her på Myking, men i år tek me da inne i varmen. Frå 31. oktober til og med 4. november lagar eg til julefotografering i grendahuset på Myking. Eg kan lova at det vert varmt og godt og nokre av dagane vert det kanskje litt kakao og julegløgg i tillegg. Eg kjem tilbake med litt meir informasjon ang tider, men det er fult mulig å bestilla julefotografering allerede idag!

Ut over hausten

...har eg litt planar om nokre eigne idéar eg har til fotografering og her treng eg litt hjelp på nokon av dei. Det kan de lesa litt meir om under her... Eg kjem og til å laga til ein liten stand på Damenes aften på Lindås senter torsdag 24. oktober kl 17.00. Kom innom og få litt info om fotografering. Bryllup, konfirmant osv...

Har du lyst å vera med å laga ein ny versjon av dette bildet?

Treng modellar

Eg har heile tida egne bildeidéar som eg har lyst å fotografera. Over her ser det eit bilde av Elice som vart tatt på Harastølen i 2014 (trur eg det var) og no har eg lyst å laga ein litt anna versjon av dette bildet.

Her har treng eg ei dama som har langt lyst hår og klarar å gå på høge helar. Verre er det ikkje. Gje meg ein lyd om du har lyst på litt meir info eller om dette kan vera deg.

Parfotografering

Eg har og lyst å ha med meg modellar til parfotografering. Enten de allerede er gift, berre kjærestar, forlova eller på god veg til å verte det so har eg lyst å høra frå deko. Send meg gjerne eit lite bilde av deko sjølv ilag med ein liten tekst om kven de er og so får de nokre bildeidéar tilbake frå meg. Bruk gjerne kontaktskjema her på nettsida eller send meg ein e-post til oyvind (at) vassbrekkofoto.no

Eg har og eit par andre blogginnlegg der eg treng modellar. Dei finn de under her. Ta ein titt og send meg eit spørsmål om det er noko de lurar på!